Etter mange år som leiar for skipatrulja i Voss Resort, samt mangesyslar innan landbruk, reiseliv og kultur i sommarhalvåret, har eg no fått meg fast stilling som dagleg leiar i eige A/S. Aktiviteten i firmaet føljer årstider og dei skiftande behova marknaden spør etter.Kompetansen er først og fremst innan formidling av kunnskap innan natur, historie og samfunn, helst i form av guiding i naturen sommar som vinter. Dette er hovudnæringa i Angr A/S . Men eg har og gjennom jobb og utdanning fått ein spesiell kompetanse innan søk og redning i natur, noko eg per i dag mest nyttar som frivillig i Hjelpekorps. Vinterstid vil det nok og bli noko arbeid i nærliggande skianlegg,knytt til forebygging og førstehjelp/redning. Undervisning og rådgjeving innan førstehjelp er ein del av Angr A/S sitt tilbod.Eg har og YSK/C1e og D1e, altså yrkesjåførkompetanse. I samband med reiselivsarbeidet er dette nyttig, men utanfor høgsesong er eg tilgjengeleg for utleige til transportforetak.Nokon kjenner meg best som visesongar, musikar og lydteknikar. Dette har vore ei stor interesse og i periodar og ein del av inntekstgrunnlaget. Denne delen av mitt virke vert og i dag handtert gjennom Angr A/SSå som lesaren forstår, her er det årstidene og marknaden sine behov som styrer. Mangesysleri satt i eit slags system. Slik er det når bur i ei av landets minste kommunar. Då må ein klore seg fast som best ein kan.
Listed skills include Visesanger Og Kulturformidlar, Lydteknikk, and Guiding I Vestlandsnaturen.